– Ved å gjere kunnskap og fakta meir tilgjengeleg, kan fleire jobbe målretta for å skape gode arbeidsmiljø, seier Trude Vollheim, direktør i Arbeidstilsynet.
Reinhald er ein ny bransje i Arbeidsmiljøportalen. Om lag 67 000 personar jobbar som reinhaldar. I portalen kan arbeidsgivarar og arbeidstakarar finne innsikt om nettopp deira bransje og, ikkje minst, verktøy som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsmiljøet kan ha mykje å seie for sjukefråvær
Nær halvparten av dei med fråvær i reinhaldsbransjen oppgir at dette kjem av helseproblem som heilt eller delvis er forårsaka av jobben. Det kan vere mange årsaker til helseplager og sjukefråvær, og arbeidsmiljøet kan ha mykje å seie.
Fleire reinhaldarar opplever lav kontroll i arbeidet. Dei kan ha liten moglegheit til å bestemme arbeidstempo og pausar, og liten moglegheit til å påverke avgjerder knyt til egen arbeidskvardag. Det kan føre til både muskel- og skjelettplager og psykiske plager.
Arbeid på huk eller kne og hyppig kontakt med vann og rengjeringsmidlar, er også faktorar som påverkar arbeidsmiljøet i denne bransjen. I Arbeidsmiljøportalen kan du finne fleire utvalde arbeidsmiljøforhold som kan vere spesielt viktige å jobbe med for å redusere fråvær og fråfall og for å auke trivselen og produktiviteten i reinhaldsbransjen.
Få et bedre arbeidsmiljø
Arbeidsgiver har ansvaret, men alle på arbeidsplassen bidrar til hvordan dere har det på jobb. Derfor må dere samarbeide om å skape et godt og trygt arbeidsmiljø.
– Felles for desse bransjane er at dei har kjente utfordringar med arbeidsmiljøet. Samtidig har dei alle eit stort førebyggingspotensial for fråvær og fråfall, seier Vollheim.
Enklere å få HMS-kort
Sjekk ut Arbeidstilsynets HMS-app, som gjør det enkelt å få HMS-kort (link til Renholdsnytt 31/3-2022)
Nyttig for å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar
Arbeidsmiljøportalen blei lansert i desember 2020. Målet med Arbeidsmiljøportalen er at verksemda i størst mogleg grad skal vere i stand til å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar – helst før dei oppstår. Verksemdene kan bruke verktøya Arbeidsmiljøhjelpen og En bra dag på jobb.